Fra lokalavisa Hallingdølen                   Tilbake
 KJELL SLÅTTEN
 ks@hallingdolen.no
 VED HELGEBEL
 LAURDAG 27. AUGUST 2005

 Det er nesten ei fornærming
 å by henne ein skarve tusjpenn og be
 om signatur. Ho burde sjølvsagt ha brodert
 namnet sitt, eller brukt symaskin.
 Inger Marie Stensrud smiler og set
 velvillig namnetrekket sitt på det kvite
 papirarket. Før ho tek meg med
 inn på kjøkkenet og viser fram løparen
 som ligg på kjøkkenbordet: Det
 går min santen godt an å skrive signaturen
 sin med symaskin!
 Denne helga har den kreative og syglade
 53-åringen dusinet fullt. Kjerringtorget
 på Nesbyen blir arrangert
 for tolvte gong, og Inger Marie har
 vore med kvart bidige år, med
 Bergalloløparane sine og andre fine og
 ettertrakta produkt. Siste helga i august
 er det utenkeleg for henne å vere
 nokon annan stad i verda enn i ei av
 salsbuene på Kjerringtorget.

 «Det er kjempemoro.
 Og ein treffer så mange
 hyggelege folk»

 Då Kjerringtorget vart arrangert for
 fyrste gong i 1994, med 30 torgkoner
 på plass, var Inger Marie ei av dei
 som vart invitert til å delta. Seinare
 har ho ikkje vore vond å be, og arrangøren
 har aldri meir kasta bort porto
 på invitasjon.
 Ho er alltid tidleg ute med å sikre seg
 ei av dei 175 salsbuene, dei seinare åra
 helst saman med ei venninne frå quiltelaget
 på Nesbyen. Både økonomisk
 og på andre måtar er det godt å vere to.
 - Kjerringtorget er kjempemoro!
 Og det er så sosialt, ein treffer så
 mange hyggelege folk. Både nye ein
 blir kjend med, og mange ein har
 treft før. Kjerringtorget er etter kvart
 viden kjent, slår ho fast.
 I tillegg er det også den største salsarenaen
 hennar, saman med julemarknaden
 som quiltelaget har i Sorenskrivargarden
 kvart år. Elles følgjer ho godt med tida, og i
 vår dataalder har ho sjølvsagt si eiga  internettside:
 www.handihand.no
 Quiltelaget Nesbyen Lapp og Tråd,
 som akkurat har høyringsforslag ute
 blant medlemmene om å forenkle
 namnet til Nesbyen Quiltelag, vart
 starta i 1997. Du treng ikkje spørje
 kven som tok initiativet!
 Sidan har aktiviteten vore stor.
 Kvar onsdag ettermiddag myldrar
 det av damer i gamlestugu hjå Inger
 Marie, der dei også kan kjøpe stoff og
 anna utstyr. Og der ikkje minst kaffien
 og gjerne litt kake står på bordet.
 For det handlar også om det å møtast.
 - Quiltedamer er utruleg sosiale av
 seg, seier ho, og me har det veldig
 kjekt saman. Nesningar er også flinke
 til å ta vare på kvarandre.
 Og ikkje berre kvarandre, men også
 andre. Ei mindre gruppe i quiltelaget
 møtest regelmessig annankvar tysdag
 for å sy teppe til kreft- og langtidssjuke
 barn på Radiumhospitalet og
 Rikshospitalet.

 «Syinga er ein
 livsstil og er mi form
 for terapi»

 Inger Marie har alltid hatt interesse
 for å sy og skape ting. Heime på Gol
 sleppte mora henne tidleg til ved symaskinen,
 og alt frå 10-årsalderen
 tok ho til å sy klede. På skulen var ho
 sterkt delaktig i å sprenge   handarbeidsbudsjettet,
 så mot slutten av
 skuleåret fekk ho fint halde seg stoff
 sjølv.
 Det kan vanskeleg seiast at syinga
 berre er ein hobby for henne, det er
 langt meir enn som så:
 - Det er ein livsstil. Det er mi form
 for terapi å kunne sitje og sy og skape
 noko. Når eg vaknar, gleder eg meg til
 å kunne stå opp og setje meg ved symaskinen.
 Også dei dagane eg er på
 arbeidd i butikken i Kremmartunet
 på Gol, står eg opp så tidleg at eg får
 sydd litt før eg reiser. Og sundagsmorgonane
 er eg ofte oppe klokka seks, så
 eg kan sitje og sy eit par-tre timar før
 Syver står opp, smiler ho. A-menneske
 som ho er, kostar dethenne lite.
 Ho vedgår gjerne at syinga, og då
 spesielt patchwork eller quilting, er
 den store lidenskapen. Det og å kunne
 tilbringe tid saman med dei to barnebarna
 sine.
 - Det er livets dessert, det, å få ha
 barnebarna hjå seg. Men du veit, eg
 kan ikkje begynne med dei klokka
 seks om morgonen, ler ho.
 Ho har eit klart syn på forholdet
 mellom butikkjobben og opphaldet
 ved symaskinen: Ho jobbar for å ha
 noko å leve av, og syr for å ha noko å
 leve for.
 - Uff, no høyrest det ut som om Syver
 blir sett heilt på sidelina, men det
 er no berre i forhold til syinga det er
 slik, forsikrar ho.
 Mange spør kvifor ho ikkje syr på
 heiltid når ho er så oppslukt av den
 interessa. Og dei får til svar:
 - For det fyrste ville eg då ha svolte i
 hel. Det ville kanskje ikkje vore så
 dumt og slanka seg litt, men... Og for
 det andre ville eg ha kome til og sydd
 meg i hel, og arbeidd døgnet rundt.
 Så det «vekselbruket» eg driv no, passar
 meg framifrå. Når eg har vore heime
 og sydd ei stund, gler eg meg til å
 kome på arbeid, og motsett.
 «Eg er sosial av meg, men er kanskje vel
 mykje Løve»
 Sjølv om Syver ofte blir liggjande
 aleine sundagsmorgonane, deler ho
 iallfall ektemannens interesse på eitt
 område: elgjakt. Men på sin måte,
 kanskje, og med eit noko uortodoks
 våpen. For medan han rustar seg ut
 med gevær, som elgjegerar flest, tek
 ho med seg symaskin til jakthytta. Og
 om det ikkje blir direkte jaktutbytte
 av det, har ho iallfall kontakt med
 jaktlaget over radio og kan setje over
 potetene når det tek til å skrike i
 svoltne tarmar.
 Eg har ikkje talt etter, men det er
 ikkje få gonger Inger Marie har nytta
 ordet «sosialt» under samtalen vår.
 Det skin tydeleg igjennom at det betyr
 mykje for henne å vere i lag med
 andre, og vere til stades der noko
 skjer. Ho kan dele orda til nasjonalskalden
 Bjørnstjerne Bjørnsson: «At
 være hvor det nettopp galdt, det var
 meg nesten mer enn alt som ved min
 penn blev festet». Ho må kanskje endre
 slutten til: «...som ved min symaskin
 blev festet».
 - Eg er eit sosialt vesen og har veldig
 lett for å bli kjent med folk. Eg
 trur eg blir teken for å vere omgjengeleg,
 og ikkje ofte sur. Eg er fødd i
 stjerneteiknet Løven og ber nok preg
 av det. Eg er kanskje vel mykje Løve,
 og likar å ordne og styre. Det er vel
 også difor eg er leiar i eit quiltelag,
 smiler ho. Sjølv om me der rett nok
 ikkje har noko styre, men berre eit
 arbeidsutval.
 Den oppslukande interessa for sying
 etterlet ikkje mykje tid til andre
 syslar. Men både ho og Syver likar å
 sykle og har eit par år lagt sommarferien
 til Provence i Frankrike, og
 «pakketur» på sykkel. Også det utruleg
 sosialt! Sjølvsagt.
 Opp gjennom åra har ho dessutan
 vore veldig glad i å spele teater.
 - Det er vel Løven i meg som kjem
 fram att der, meiner ho.
 - Korleis det?
 - Likar å få merksemd, enkelt og
 greitt. Ein som er fødd Løve, vil
 gjerne vere midtpunktet. Går for å
 vere kreativ. Men herskesjuk, kanskje...
 - Uff nei, kor dårleg inntrykk får dei
 av meg no, tru?!
KJELL SLÅTTEN
ks@hallingdolen.no
15 LAURDAG 27. AUGUST 2005
VED HELGEBEL

Tilbake